søndag 7. juni 2009

Refleksjon: Har Nynorsk ei Framtid?

Då eg kjenner stor godhug for nynorsk og dette innleggjet dreiar seg om nettopp måldebatten, vel eg å skriva det på nynorsk.

Ei rekkje nynorskentusiastar fryktar for framtida til denne målforma, og mange av dei kallar på nynorskfremjande føretak; gjerne i offentleg regi. Eg fylgjer sjølv måldebatten med ei viss otte, men eg fryktar kanskje desse (offentlege) initiativa mest av alt då eg mistenkjer dei for å vera særs lite føremålstenelege.

Eg har vakse opp i eit nynorskdistrikt (vakre Hardanger, for den som ikkje visste det) med bokmålstalande foreldre, so eg likar å tru at eg meistrar begge målformer forsvarleg. Og som på dei fleste område i livet freistar eg å vera fylgjerett og konsekvent.

Observante lesarar har sikkert merkja seg at eg skriv ei særs konservativ form for bokmål; kjemisk fri frå a-endingar og skilje mellom han- og hokjønnsord. Dette skriv seg ikkje frå eit hat mot nynorsk, men derimot frå eit hat mot alle mellomformer me ser i våre dagar. Båe målformer opnast stendig for tidlegare utenkjelege ord og grammatiske vendingar, og eg tykkjer dette øydelegg båe nynorsk og bokmål.

Personleg trur eg ikkje målformene nokon sinne vil gjennomgå ein total fusjon (i alle fall ikkje i levetid), men der er lita tvil om at dei rykkjar stadig nærare einannan. På bokmål er no malen å operera med tre ulike kjønn i substantiv, og verb tar typisk a-endingar i preteritum. På nynorsk vert tidlegare fy-ord som dei innleidde av prefikset mibe- stendig meir (skrive)stovereine, og endåtil nynorskaviser tillet genitivs-s (noko som gjev meg høgt blodtrykk og freistar mine ikkje-aggresjonsprinsipp).

Dette er ein trend eg verkeleg hatar. Eg skal vedgå at noko av dette hatet utan tvil skriv seg frå personlege konservative preferansar (slik eg òg mislikar utviskinga av skilnadar mellom menn og kvinner samt kombinasjonar som svarte skor og brun veske), men det kan heller ikkje vera utelukkande positivt for det (dei) norske språk(a).

Lingvistisk perestrojka resulterar utvilsamt i at fleire meistrar båe målformer, men til kva kostnad? For å hindra nynorsken i å døy ut, må ein demonstrera dei positive kvalitetane til denne målforma, og positive kvalitetar har typisk større verd dersom dei òg har status som særdrag.

Eg vil hermed presentera tre framlegg til korleis ein kan redda og endåtil fremja nynorsk. Det fyrste er nettopp å ikkje gjeva slepp på nynorsk sine særeigne kvalitetar; desse som gjer språket interessant og karakteristisk. Kvifor skal nokon bruka nynorsk når berre eit par ord og nokre få grammatiske endingar skiljar det frå bokmål? Dersom målformene i for stor grad liknar einannan, er der lite som motiverar til å velja den eine framfor den andre.

Det andre hinta eg til i førre punkt ved å referera til nynorsk som eit språk. Eg meiner nynorsk aldri vil vinna fram so lenge det handsamast som ein variasjon av bokmål, og kanskje endåtil ein underordna sådan. Mange gode intensjonar om å fremja nynorsk tek utgangspunkt i bokmål, noko som insinuerar at sistnemnde er malen og fyrstnemnde ein variasjon eller kopi av denne. Denne haldninga vil resultera i to negative faktorar:

For det fyrste vil ei slik innstilling aldri resultera i språkleg god nynorsk. Nynorsk er strukturelt ulikt bokmål, og ei ord-for-ord omsetjing vil verka klumpete og lite elegant. Ein lyt respektera nynorsken sin unike struktur og ta utgangspunkt i kva ein ynskjer å formidla når ein omset; ikkje i bokmålsteksten ein omset frå. Eg tør hevda at nynorsk har fått eit ufortent dårleg rykte og kallenamn som ’grautmål’ grunna dårleg omsetjing. Ei dårleg omsetjing vert oppfatta som ein dårleg komponert tekst, og ein slik vil sjølvsagt verka ’grautete’.

For det andre ber denne haldninga med seg bodskap om at nynorsk er underordna bokmål (sidan mange nynorsktekstar tydeleg er omsett direkte frå bokmål), og denne bodskapen vil spreia seg til motakarane. Sjølv tilhengjarar av målforma vil (om enn undermedvite) dermed godta dette lingvistiske hierarkiet.

Det tredje framlegget er paradoksalt nok å fjerna obligatorisk sidemålsundervisning. Dette kan tykkjast å verkja mot sitt føremål, men eg meiner derimot at tvunge sidemål verkjar mot sitt føremål. Eg vil tru i alle fall delar av den før omtala lingvistiske utjamninga er meint å gjera det enklare for bokmålsungdom å skriva nynorsk, og resultata av dette er òg omtala tidlegare.

Sidemål er kring dei mest hata faga, særleg blant dei som har bokmål som hovudmål. Tvang er med på å skapa hat mot sjølve språket. Mange ser opp til romanske språk som fransk og spansk så vel som til dei som studerar desse. Slike språk har fått ein viss status, men eg er ikkje i tvil om at mange ville hata dei inderleg hadde dei vore obligatoriske.

Men lat det vera sagt; dette er ikkje i seg sjølv eit tenleg argument for å fjerna eit fag frå timeplanen. Matematikk kveikjar til dømes liten eldhug hjå mange elevar, men faget kan ikkje dermed utan vidare fjernast. Eg vil ikkje seia at nynorsk er mindre viktig enn matematikk, men det er ikkje til å koma ifrå at dei fleste møter matematikk i ulike former kvar einaste dag, og at matematisk kjennskap er eit særs naudsynt kriterium for ei rekkje stillingar og verv. Samstundes kan til dømes menneskje på det sentrale austland gå gjennom livet utan korkje å lesa, skriva eller tala nynorsk. Dette er eit særs viktig poeng som faktisk er eit teneleg argument i seg sjølv.

Når ein kan gå gjennom livet utan nokon sinne å måtta bruka nynorsk utanom i skulesamanheng, er det naivt å tru at nokre timar med obligatorisk undervisning skal fremja emnet. Dei fleste bokmålstalarar opnar nynorskordboka siste gong på sidemålseksamen for sidan å gløyma henne, brenna henne eller selja henne vidare til neste kull med elevar som skal læra å hata nynorsk.

Og heilt alvorleg, når dette er røynda; kva godt fører det eigentleg med seg å tvingja elevar over heile landet til å læra nynorsk? På kva måte fremjar ein nynorsk ved at alle elevar i den vidaregåande skule må bruka nokre timar på dette emnet for så aldri å nytta det igjen? Eg meinar dette hovudsakeleg resulterar i dei før omtala dårlege omsetjingane og negative haldningane til nynorsk.

Og ikkje feiltolk meg. Dette har særs lite med omsut for Oslo-ungdom og andre nynorskhatarar å gjera. Dette er ikkje noko eg seier for å gjera deira skulekvardag enklare. Fyrst og fremst ottast eg den negative effekten tvunge sidemål har, og samstundes gremjast eg over den naiviteten som ligg til grunn for ein slik tankegong. At ein verkjeleg trur ein sikrar målforma si framtid ved å tvingja ungdom til å bruka nokre timar på å pugga og enno nokre timar på ein sidemålseksamen…

Heiderlege unnatak finn ein alltid, og der vil sjølvsagt vera nokre få elevar som dreg nytte av nynorskundervisning og som vil bruka målforma seinare i livet. Men desse vil også med stort sannsyn velja nynorsk dersom det tilbjodast som valfag. Eg tør dessutan gissa på at dette talet ville vore større hadde ein fylgt dei andre punkta i dette innleggjet og fylgjeleg gjort nynorsk meir freistande.

Og for all del; eg talar her om å fjerna tvunge sidemål; absolutt ikkje om å fjerna nynorsk! Eg vert mildt sagt forbanna (nei, mamma. Det heiter framleis ikkje ’sint’. Det heiter ikkje eingong gode nynorskuttrykk som ’arg’, ’harm’ eller ’vreid’. F-ordet er det einaste dekkjande i denne samanhengen) når politikarar nyttar valfridom som argument for å fjerna obligatorisk sidemål (’sidemål’ er elles ikkje synonymt med ’nynorsk’; eg og mange med meg er oppvaksne med bokmål som sidemål), for så å fremja framlegg om å fjerna nynorsk fullstendig. Med tvang!!! Dette vitnar om skremmande ignoranse, om vantande logisk og fylgjerett tankegong, og ikkje minst om misbruk av valfridomskonseptet. Igjen vert mine prinsipp om ikkje-aggresjon og eit ope sinn freista og nesten refuserte.

Mange argumenterar med det økonomiske aspektet ved å ha to målformer; at det er ein særs fordyrande prosess. Dette er direkte latterleg i eit land som gjev statsstønad til alskens obskure kunstprosjekt. Ideelt meiner eg at so mykje som mogeleg burde vore overført til private aktørar, og eg er ikkje i tvil om at ei rekkje handels-/industriføretak og organisasjonar gladeleg ville donert store summar til nynorskfremjande initiativ. Og berre tenk på kor mange kommersielle føretak som er lokaliserte i nynorskdistrikta; det er tross alt på Vestlandet storparten av verdiskapinga skjer.

Men for å vera litt pragmatisk og røyndomsnær (eg kan det òg!); sjølv i eit sosialdemokrati der det offentlege kontrollerar, regulerar og redistribuerar økonomiske midlar (eg kan ikkje med reint samvit bruka ordet ’gjeva’ då mykje av dette er pengar staten har teke frå skattebetalarane), tykkjer eg at nynorsk si framtid og eksistens er verd å nytta ressursar på. Nynorsk er ein særs vesentleg del av identiteten så vel som kulturen til ein monaleg prosent av det norske folk. Og ikkje minst er dette ein kulturfaktor som gagnar alle nynorskbrukarar uavhengig av til dømes økonomisk bakgrunn og sosialt tilhøyre, og som faktisk nyttast dagleg. I motsetnad til storparten av dei kulturelle prosjekt, initiativ og føretak som mottek offentleg stønad.

Eg trur og vonar at nynorsk har ei framtid. Nynorsk er eit vakkert språk med lange tradisjonar, og det fortenar å handsamast som eit slikt. Men ein sikrar ikkje framtida til dette spanande språket gjennom tvang og feiltydde omsetjingar; ein lyt gjera det tiltrekkjande ved å vedlikehalda og framheva unike og interessante trekk. Vidare lyt ein freista å gjeva det status som eit kulturspråk, ikkje berre som eit avskydd punkt på pensumlista; ein bøyg som møter elevar ved neste korsveg på sidemålseksamen.

lørdag 6. juni 2009

Bilde: Jackie og Nikita

Dette bildet måtte jeg bare legge ut. Jackie Kennedy og Nikita Khrushchev. De som kjenner meg kjenner nok også til min fascinasjon med Jackie og hennes fantastiske og inspirerende stil. Jeg er egentlig imot konseptet med stilikoner, men jeg skal ikke nekte for at jeg har en viss førstedame i tankene når jeg kjøper nok en enkel ermeløs kjole til tross for at jeg har i overkant av et dusin hjemme.

Når jeg i tillegg er mer enn middels interessert i sovjetunionen og ulike kommunistledere, ble dette bildet bare uimotståelig.

Det ser jo ut til at de har det riktig hyggelig sammen.

mandag 1. juni 2009

Musikk: The Eagles i Bergen!

Et av verdens (og tidenes) beste band spiller i dag i Bergen (verdens beste by...?). Min kjære far skal på denne konserten, og jeg skal ikke nekte for at jeg misunner ham aldri så lite. Samtidig er jeg glad på hans vegne og ønsker ham en riktig god opplevelse!